Folk som nyter mat på Vangen Café

Ein varm møteplass med heimelaga mat, lokal tradisjon og gode råvarer.

Eit innblikk i kvardagen og historien vår

Frå fjord og fjell til kjøkkenbenk

Det starta tidleg for Anita og Britt Knapstad, med små barneføter som sprang mellom kjøkkenhage og kjøkkenbenk. Besteforeldra på Frønningen delte jaktkunnskapar ved fjorden, medan dei på garden på Voss lærte å setja pris på maten som følgde naturens gang, frå vårens første spirer til haustens fulle fat. Den gleda sit framleis i hendene deira kvar dag, når dei lagar mat folk kjenn igjen, og kanskje minnast frå sin eigen barndom.

Eit hjarterom på Vangen

Då Britt og Anita tok over drifta i 2012, var det med hjartet fullt av draumar - om å skapa ein møtestad midt på Voss, der smaken av gode råvarer, årstidene og fellesskapet kunne møtast på tallerken. I 2017 bygde dei Vangen Café slik ho står i dag - ikkje berre ein kafé, men ein plass for minner, samtalar og nye idear.

I lag med dyktige tilsette, som kvar dag bidreg med varme, smil og fagkunnskap, har Vangen blitt eit hjarterom for både fastbuande og tilreisande. Her lagar dei mat med stoltheit – i takt med naturen, og alltid med blikket framover.

Styrk Lirhus Vangen, Vangen Café

Styrk Vangen Lirhus
Ein viktig del av historia

I ei årrekke var Styrk Vangen Lirhus sjela i Vangen Café. Han var ein stille kraft i kvardagen på Voss. Alltid til stades, alltid med ro og nærvær. For mange vart han sjølve symbolet på kaféen, ein plass der både fastbuande og framande kjende seg velkomne.

Han hadde ein eigen evne til å sjå folk, utan å gjera noko stort nummer ut av det. Ein kopp kaffi kom før du rakk å spørja, eit nikk eller eit smil der det trongst. Med varme og stillferdig humor sette han tonen for Vangen Café, ikkje berre som ein stad, men som ei kjensle. Det arva me vidare.