Det byrjar her - hjå leverandørane
På Vangen Café er me opptekne av å tilby våre gjester matopplevingar som ikkje berre smakar godt, men som også gjer godt – både for lokalsamfunnet og miljøet. Difor har me valt å satsa på å samarbeida med lokale leverandørar. Slik bidreg me til å styrka det lokale næringslivet. Når me handlar lokalt, held me pengane i nærmiljøet og støttar arbeidsplassar i vår eiga bygd.
Gjennom å nytta lokale råvarer og oppskrifter, held me i hevd dei rike mattradisjonane frå Voss og omegn. Dette gir våre gjester ei autentisk oppleving av lokal matkultur og historie. For oss på Vangen Café handlar valet om lokalmat om meir enn berre mat – det handlar om å byggja eit sterkare samfunn, ta vare på miljøet og dela ekte matglede med våre gjester.