Om oss
Bak disken på Vangen Café står søstrene Anita og Britt Knapstad. I 2012 tok dei over drifta, og sidan den gong har lidenskapen for heimelaga mat og gode møteplassar vakse seg større. I 2018 tok dei eit nytt steg og satsa for fullt på ein heilt ny kafé midt i hjarta av Voss.
Sidan starten har fleire i familien blitt med, og i dag er me ein arbeidsplass med 22 tilsette som jobbar saman for å skapa god stemning, god smak og eit varmt miljø for både små og store gjester.
For oss handlar mat ikkje berre om oppskrifter – det handlar om kjensler, tradisjon og omtanke. Me lagar alt frå botnen av, med gode råvarer og ein raus dose kjærleik. Lokale leverandørar er ein viktig del av historia vår, og me er stolte over å kunna by på smakar frå bygda vår.
Vangen Café er meir enn ein kafé – det er ein møteplass, ein pustepause, ein liten heim ute. Her kjem familiar, pensjonistar, turistar, kollegaer og vener innom – nokre berre for ein kopp kaffi, andre for å feira livets store hendingar.
Hjarteleg velkomen til Vangen Café – og inn i vår verd av tradisjonsrike rettar, laga med kjærleik til mat og folk.
Kontakt oss
Telefon: 56 51 80 73
E-post: brittknapstad@hotmail.com